Til topps i Etiopia 2010
  
 

Ras Dashen er det høgaste fjellet i Etiopia, og det fjerde eller femte høgaste i Afrika.  Høgda er oppgitt til 4620, 4543 eller 4533 moh, alt etter kvar ein slår opp.  Dei fleste ser ut til å landa på 4.543.  

 

Vi var ei gruppe på ni personar på ei tre vekers rundreise i Etiopia, med innlagt 5 dagars fottur i Simien Mountains National Park.  Etter fleire dagar med historie og kultur, kyrkjer og hotell av varierande standard, var vi klare for fottur og teltliv.  Det var ’full-service trekking’ med kokk, diverse hjelparar, kantinetelt, stolar og god mat.  Og en flaske lokal rødvin frå vår lokale ortodokskristne-(dvs avhalds-) guide Asu, for å feira erobringa av toppen.

 

Simien-fjella ligg nord i Etiopia og er av dei største fjellkjedene i Afrika, med minst eit dusin toppar over 4000 m. Fleire lokale selskap organiserar fotturar der, men turismen er lite utvikla, samanlikna med fjellturismen i Kilimanjaro-traktene, eller i den norske fjellheimen for den del.  Fjella minner lite om norske fjell.  Primærfargen er brun med ein god del vegetasjon. 

 

 

Dag 1  Debark - Sankaber

I Debark fekk vi ordna med løyve til å dra inn i nasjonalparken, og fekk tak i ein lokal fjellførar, kokk, to geværmenn (”scouts”), og hestar og muldyr til bagasjetransport, inkludert ambulansehesten Bora med førar.  Dessutan kokken Johannes, som var ein trollmann på kjøkkenet.  Vi fekk ikkje heilt klart for oss kva geværmenne skulle gjera, om dei skulle verna oss mot ville folk eller dyr, eller passa på så vi ikkje stakk av.  I alle fall gjekk alltid ein av dei fremst, den andre bakarst, same kva vi fann på, inkludert toalettpause.

 

Dei fyrste kilometrane køyrde vi buss.  Fotturen starta midt i ein flokk bavianar.   I motsetning til bavianar andre stader, som kan vera nokså aggressive, var desse fredelege, og brydde seg ikkje om oss, der dei sat og grov i jorda etter snadder.  Småbavianane leika og småslost som ungar flest.

 

Fram til leirplassen var det 2-3 timars gange i småkupert terreng.  Alle leirplassane på turen hadde bra standard.  Fin plass til telta, og permanent kjøkken, der ein rettnok måtte ha med alt utstyr, inkludert gass til koking.  Det var vasskjelder og, men ikkje drikkevatn.  Det fekk vi transportert på flasker.  ”Toaletta” var enkle (latriner med hol i golvet), og ikkje for dei kresne.

 

Sankaber låg på ca. 3.200 m o h, og det var godt å ha varm sovepose.  Og dunjakkene kom fram både ved middagsbordet og til frukost.  Det var varmt og godt når sola hadde varma litt, men kaldt så snart ho gjekk ned.

 

 

Dag 2   Sankaber - Chenek

Litt småkupert dei fyrste par timane.  Vi såg nokre eksemplar av ein lokal steinbukk (walia ibex), og diverse fuglar, ørn og gribb.  Frå eit utsiktspunkt såg vi over til ein foss med ca 500 m fallhøgde.  Det var så lite vatn at vi nesten måtte innbilla oss fossen.  Men han er sikkert imponerande i regntida (når det ikkje er turistar der).  Etter det var det nokre timar på bilveg i jamn stigning.  Nokså langdrygt, men det var kornåkrar til begge sider.  Dei dyrka bygg og havre.  Teff, det etiopiske spesialkornet, treivst ikkje så høgt til fjells – området låg over 3.500 m o h.  Ein av oss tok til å sakka etter, heilt utsliten.  Heldigvis kom hestekaravanen vår forbi, inkludert  ambulansehesten Bora, som då fekk sitt fyrste oppdrag på tueren.  Vi gjekk bort frå vegen, og over lange, slakt stigande sletter der vi vandra langs kjempelobelia opp mot 4.000 m o h.  Og endeleg nedover att langs bratte fjellsider til leirplassen Chenek, 3.600 m o h.

 

 

Dag 3   Chenek - Ambiko

Denne dagen vart det mykje opp og ennå meir ned.  Vi starta med lang stigning på bilveg.  Ambulansehesten fekk framleis gjera nytte for seg, og to andre kjende også både høgda og eit ukjent (?) virus.  Heldigvis kom ein bil forbi, så dei fekk sitja på.  Vi andre tok av frå vegen, over eit pass på 4.000 m o h, og fekk det fyrste glimtet av Ras Dashen.

 

Fyrst måtte vi imidlertid ned til 2.800 m o h, over ei elv, og deretter 400 høgdemetrar oppatt.  Her som mange stader ellers, såg vi tydelege spor etter regn.  Stien, og terrenget rundt, var meir eller mindre riven bort av vatn.  Ved leirplassen Ambiko, 3.200 m o h, vart vi møtt av ein horde utruleg innpåslitne ungar, som heldigvis ikkje hadde lov til å koma inn på sjølve teltplassen.  Men våga vi oss over vegen til kjøkkenet eller ”toalettet”, hang dei på oss.

 

 

Dag 4   Ambiko – Ras Dashen - Ambiko

Vi burde vera godt akklimatiserte til toppturen, men dei som hadde brukt ambulansehest og bil, streva tydelegvis med etterdønningar, så det var berre fem av oss som tok sikte på å koma på toppen av Ras Dashen. Guiden var nok ikkje imponert at tempoet dei fyrste dagane (sjølv om det var litt prega av sjukdom), og meint at vi burde skru opp farten.  Standardtid opp var seks timar, han meinte vi burde rekna sju, og tre-fire timar nedatt.

 

Kl 0545 var det avmarsj frå leiren.  I tillegg til oss fem var det guiden Asu, den lokale fjellførar, dei to væpna vaktene, og sist, men ikkje minst ambulansehesten Bora med førar.  Det var mørkt og kaldt.  Då vi kom opp dei fyrste 700 metrane, kom dagslyset, men området låg i skugge og det var sur trekk, så vottar og skjerf var godt å ha i tillegg til ullundertøyet.  Ambulansehesten tok dagstursekkene til dei som ikkje ville ha treningseffekten av å bera eigen sekk.  Fyrstekvinne i flokken gjekk som ein maskin, ikkje så fort, men svært jevnt, både i motbakkane (som ikkje var mange, men desto lengre) og på flatane (som ikkje var flate, men mindre bratte).  Det synte seg å vera effektiv gange. 

 

Etter at det flata ut litt, på ca. 3.800 m o h, såg vi to små skapnader lang bak oss.  Dei kom raskt nærmare, og det synte seg at det var to kvinner, inntulla i ullteppe, og berrføtte.  Dei sprang lett forbi oss, og var borte på ein blunk.  Og der sleit vi oss fram i vårt Goretex-utstyr og fine fjellstøvlar.  Etter 4-5 timar kom sola opp over åskanten.  Vi kunne letta på kleda, men såg likevel ikkje meir til dei to kvinnene.

 

Dei siste 30 høgdemetrane før vi nådde toppen var det klyving.  Førarane og geværmennene smatt rundt oss med sine utgåtte joggesko og gav oss ei hand der det trongst.  Etter 5 timar og 45 minutt nådde vi toppen.  Ambulansehesten Bora fekk ein velfortent pause på ein flekk med gras, han slapp klyvinga.  Asu var overraska.  Det kan henda han ikkje hadde sett norsk seigt fjelltempo før.

 

 

Text Box:

På vegen nedatt, like under toppen, dukka det opp to unge gutar, innpakka i ullteppe, og med kvar si blokkfløyte.  Vi fekk ein liten konsert, og tok nokre bilete, alt mot betaling, sjølvsagt.  Vel nede i leiren vart det kroppsvask i bekken, med dei fleste innbyggarane i landsbyen som ivrig publikum.  Og til middag vanka ei flaske lokal rødvin som Asu hadde frakta med frå sivilisasjonen.

 

 

 

Dag 5   Ambiko - Chenek

Ned til elva og opp 400 høgdemetrar til ein liten landsby.  Her fann vi bilen som nokre av oss hadde fått haik med på framturen.  Asu forhandla med sjåføren, godt ute av syne for eigaren, og vart samd om transport av heile fylgjet nesten til toppen av passet.  Han var nok litt redd for at vi elles ikkje ville nå fram medan det var lyst.  Det var bratt, og sjåføren fann nok ikkje krabbegiret, så det vart å gå dei brattaste stubbane.

 

Og etter ei god natts søvn var fjellturen over.  Vi stabla oss inn i bussen og køyrde attende til sivilisasjonen, som kanskje blomstra vel så mykje på kong Salomo si tid som i dag.