Til topps i Sør-Tirol juli 2002

 

 

I Sør-Tirol (Alto Adige, Nord-Italia) er det fine fjell for alle kategoriar fjellfolk.  Det er eit godt utbygd nett med turisthytter, og godt med stiar, frå vanlege vandrestiar til utfordrande ”Klettersteig” eller ”via ferrata”.  Dei siste er sikra permanent, med stigar eller kjettingar, og ein må bruka spesielt utstyr for å festa seg til sikringane.

 

Vi (Inger og Eirik) drog nedover i juli, med Kielferja og vidare med bil til Sulden (Solda), 1850 m o h.  Der lever dei av turistar.  Det var nokre krøter innimellom, men dei var så avgjort i mindretal.  Heile byen er hotell, 15-20 i talet, og nokre butikkar, mest klede og sportsutstyr.  Vi la merke til at Gustavo Thoeni hadde forretning der.

 

Meir eller mindre tilfeldig havna vi på Hotel Gertraud, der vertinna, Luise Platzer, virka bisk utanpå, men synte seg å vera svært imøtekomande og gjorde alt ho kunne for at vi skulle trivast.

 

Onsdag 17. juli

Høgste fjellet i Sør-Tirol, Ortler (Ortles) på 3905 meter låg der og lokka, og vi gjekk på turistkontoret og høyrde korleis vi skulle koma til topps.  Vi vart sendt vidare til Alpinschule Ortler, der ei hyggeleg dame fortalde at vi måte ha førar, det var bre som måtte kryssast, og til og med klatring grad 3.  Klatring i over 3000 meters høgd høyrdest for tøft ut, så vi bestemte oss for vanleg fottur i staden.

 

Vi starta mot nord, mot Düsseldorfer Hütte (Rifugio Serristori).  Stien snodde seg fyrst opp gjennom frodig furuskog, som måtte gje tapt på 2300 meter.  Det var også frodig vegetasjon med mange fine blomsterplanter, både ukjente og kjente, og ein del midt i mellom, som likna på blomar vi har sett heime.  På 2400 meter kom vi forbi toppen av ein taubane med restaurant, men asketiske som vi er, gjekk vi beint forbi.  Düsseldorfer Hütte låg ute på kanten av eit platå på 2721 meter.  Fin standard med dusj og vassklossett på gangen, og grei restaurant.  Veret hadde gråna, og etter kvart sprutregna det.  Vi hadde tenkt oss til topps på Tschengsler Hochwand (Crena di Cengles, 3375 meter).  Siste biten dit skulle vera Klettersteig, men med ein omveg utan klatring også.  Men regnet heldt fram, og det vart klart at vi ikkje ville nå til topps og attende til middag.  Utpå ettermiddagen gav imidlertid regnet seg ein del, og vi la i veg innover mot toppen.  På 3100 meter måtte vi gje oss, ellers hadde vi ikkje fått middag.

 

Torsdag 18. juli

Veret letna, og Ortler sto fram i all sin velde på andre sida av dalen.  Under frukosten vart vi samde om at det var denne sjansen vi hadde, og vi la i veg nedatt til Sulden.  Då vi var vel nede, hadde Eirik nykelen til rommet på Düsseldorfer Hütte i lomma.  Men frua til Gertraud ordna opp, tok nykelen og fekk sendt han attende, truleg med løypestrengen som gjekk frå dalen og opp til hytta.

 

På Alpinschule Ortler var det berre velvilje.  Vi fekk utlevert isøkser, og det vart ordna med førar som skulle møta oss på Payerhütte om kvelden.

 

Så var det stigning på nytt.  Det er ikkje mange meter horisontal sti i Sør-Tirol.  Vi var innom Tabarettahütte (Rifugio Tabaretta) på 2550 meter, turka sveitten, drakk og åt litt.  Så bar det vidare over bratte bakkar med grus – her og der laus grus.  Vi kunne sjå stien ein kilometer borte, der han slynga seg oppover i brattbakken.  Det virka som om det var uframkomeleg oppover, men etter kvart synte det seg at det var nokså greit likevel.  Eit par luftige parti var sikra med vaier til å halda seg i.  Payerhütte (Rifugio Julius Payer) ligg på 3000 meter, på ein fjellkam som er så vidt breid nok til hytta.  Hytta er 100 år gamal, bygd av gråstein, med 8‑sengs‑rom i andre høgda.  Vassklossett også her!

 

Vi fekk 3 retters middag, og sette oss til å venta på føraren.  Omsider, i 9-tida, dukka Toni Stocker opp, ein kjekk ung kar.  Han kunne tysk og nokre få ord engelsk.  I det heile var ikkje engelsk serleg brukbart, og sidan vår italiensk heller ikkje er det, prøvde vi å kommunisera med dei få tyske glosene som hadde overlevd.

 

Det vart tidleg kveld.  Vi tilpassa stegjern og gjorde bagasjen klar.  Det vi ikkje trong dra på til topps, fekk vi setja inn på tørkerommet.

 

Fredag 19. juli

Kl 0430 starta dei aggregatet,og frukosten vart servert.  Vi drog på oss selane og batt oss inn i tau, og kl 0530 bar det ut i grålysinga.  Det var fint ver og frisk, kjølig luft.  Hadde det vori luftig på stien dagen før, vart det ikkje mindre luftig nå.  Dersom vi hadde sklidd ut i grusbakkane, ville neste stopp ha vori 400 meter nedanfor.  Det var betre der det var fast fjell, men enkelte stader balanserte vi på eggen som var snaue halvmeteren breid.  Bratt klyving var det også.  Besseggen er svært oppskrytt!  Toni rusla føre.  Vi var bundne saman alle tre, men serleg sikra var vi nå ikkje.  Det var ikkje mykje Toni kunne ha gjort om ein av oss sklei ut.

 

To stader var det klatring.  Det var lagt ut kjetting.  Toni smaug opp som ein katt og sikra tauet, vi fylgde litt mindre katteaktig, og prøvde å gjera oss tøffe ved å halda minst mogeleg i kjettingen.  Det var mange fine tak og grei klatring, og meir moro enn skummelt.  Etter ein god time var det på med stegjern og ut på breen.  Ein matpause ved Biwak Lombardi (ei primitiv brakke som skulle tena som naudbivuakk) på 3300 meter burde ha gjordt godt, men Inger var ikkje i form.  Kvalme og vondt i hovudet hadde redusert frukosten til ei halv brødskive og nesten ikkje drikke.  Ho fekk truga ned nokre dråpar saft i ny og ne, og ville ikkje gje seg.

 

Det gjekk vidare bratt oppover på bre, her og der svært bratt.  Poenget med å starta tidleg var innlysande, for snøen var ennå nokonlunde fast, men tok til å rotna i solhellingane.  Lite luft var det også, så pausane kom tett.  Toni var tolmodig.  Kl 10 sto vi på toppen og kunne fråtsa i ei fantastisk utsikt, saman med eit par andre grupper.

 

På turen nedatt fekk Eirik vera breåte.  Toni ville gå bak og halda oss att dersom noko skulle henda.  Det var ein del sprekker i breen, og snøbruene tok til å rotna i varmen.

 

Klatringa nedatt (baklengs) gjekk omtrent like godt som opp, men nå gjorde vi meir bruk av kjettingane.  Stien attende til Payerhütte virka ikkje like luftig som då vi gjekk opp.  Det er fort gjort å verta høgdeblind.  På Payerhütte vart det ein pils til føraren, og mineralvatn til oss andre som ikkje var så sikre på foten.  Det sto framleis att 1100 meter nedover, men med ein liten sjokoladepause på Tabarettahütte gjekk det greit.  Vaieren som vi hadde hatt nytte av på oppturen, berre bles vi av nå.  Høgdeblindheit kan vera skummelt!

 

Beina kjende det godt då vi toga inn på Hotel Gertraud.  vart det pils, saman med fire andre som også hadde vori på toppen, før vi gjekk innom Alpinschule for å betala og få utlevert diplom for utført dåd.

 

Laurdag 20. juli

Eirik var støl i låra etter 900 meter opp og 2000 meter ned dagen før.  Inger påsto at ho ikkje kjende noko.  Ho må læra seg til å kjenna betre etter.

 

 

 

Adresser:

 

Hotel Gertraud

Hauptstrasse 109

I-39029 Sulden

Italia

www.hotel-gertraud.it

Telefon 0039 473 613 077, faks 0033 473 613 206

 

Alpinschule Ortler

Haus der Berge

I-39029 Sulden

Italia

alpinschule.ortler@sulden-info.com

Telefon 0039 473 613 004, faks 0033 473 613 004