Kilimanjaro januar – februar 1999

 

 

Vi hadde eigentleg planlagt å dra til Rwenzori i Uganda, men nasjonalparken der vart stengt på grunn av krigføring.  Den norske ambassaden rådde oss då også frå å reisa dit.  Dermed endra vi planar, og satsa på Kilimanjaro i staden.

 

Vi er: Erik frå Brumunddal, Henning, Inger og Eirik.

 

 

Førebuing

Vi kjøpte flybillettar gjennom vanleg reisebyrå.  Etter at mange nordmenn hadde gode røynsler med Athanas Minja, som driv Kibo Safari Adventures i Moshi, kontakta vi han pr. telefaks.  Tredje juledag om morgonen ringde han og sa at det tok til å verta fullt på den tida vi hadde tenkt, så det var greit om vi kunne bestemma oss snart.

 

Sidan Kripos nyttar Fairview Hotel i Nairobi, tinga vi rom der via e-post.

 

Aftenposten hadde ein artikkel om nokre nordmenn og svenskar som hadde starta med safari i Masai Mara.  Vi søkte etter Dream Camp på Internett, fann e-post-adressa, og dermed kunne vi tinga safari der også.

 

Det meste fekk vi altså ordna sjølv før vi reiste.

 

 

Dag 0 – Gardermoen - Marangu

Athanas hadde sagt at vi skulle ta “Davanu bus shuttle” frå Nairobi til Moshi.  Eirik var litt nervøs for at vi ikkje skulle finna bussen i mylderet på flyplassen.  Det viste seg at flyplassen ikkje var så stor, og til alt overmål vart vi møtt med eit skilt “Erick X 4”, og losa ut i ein minibuss.  Etter litt venting på ein aude veg, vart vi lasta over på ein større buss som var nokså fullstappa, og med all bagasjen på taket.  Reisa gjekk greitt, men bussen, som hadde sett betre tider, gjekk varm av og til, og måtte kjølast ned.  Vi hadde høyrt litt av kvart om passering av grensa til Tanzania.  Men alle spådomar slo feil – vi betalte USD 20 kvar for visum, og det var det.  Men gateseljarane var iherdige.  Ingen av dei tok eit nei for eit nei, korkje då eller seinare på turen.  Vi hadde truleg gjort det same, dersom vi hadde levd på eksistensminimum.

 

I Moshi vart vi møtt av Lukas Meela frå Kibo Safaries med eit nytt skilt “Erick”.  Han køyrde oss til Marangu.  Afrikanske fartsgrenser er ikkje som norske.  Skilt med 50 fører til at farten vert redusert til i overkant av 80, men dei har teki konsekvensane av det og laga talrike fartshumper. 

 

Vi vart innlosjert på Marangu Hotel, som var gamalmodig, men sjarmerande (engelsk kolonistil?), med fint symjebasseng.  Spreidd ut over plenen var små bungalowar med 4 rom i kvar.  Meela venta medan vi åt middag, og fekk deretter betaling for turen - 6000 dollar i reisesjekkar og kontantar, utan kvittering.  Deretter vart det avtala at Athanas skulle henta oss kl 8 neste morgon.

 

 

Dag 1:  Marangu - Mandara

Det var strålande solskin frå morgonen.  Langt borte og høgt oppe såg vi Kilimanjaro, med snø på toppen.

 

Kl 9 fekk Eirik lettare panikk - var 6000 dollar utlevert utan kvittering til svindlarar?  Hotellverten roa oss ned - han kjende Athanas, som hadde sagt han skulle koma kl 9.  Og kvart over var han på plass, med cap med norsk flagg og “Storebrand” på.  Athanas er elles ingen smågut i fjellsamanheng: han har 360 turar til topps på Kilimanjaro bak seg, og har vori på Store Skagastølstind og klatra i Trollveggen.

 

Turen frå porten ved Marangu og opp til Mandara gjekk sakte gjennom frodig regnskog, med sønene til Athanas, Honest og Elias, som førarar.  Ein jamn straum av berarar gjekk forbi oss.  Nokre bar ryggsekker, 2 og 3 i slengen, nokre hadde store plastsekker, andre blekk-kasser.  Det fleste bruka hovudet, i alle fall til å bera med.  Plastposar med egg tok dei i hendene.

 

Mandara virka heimekoseleg, med “Karibu” over dørene. Nordmannen Odd Eliassen har stått for bygging av hyttene oppover, saman med Athanas, og vi lurde på om kjærasten hans heitte Kari, heilt til vi oppdaga at det er swahili og betyr “velkomen”.  Det var 2 rom i kvar hytte, kvart med 4 briskar.  Trongt, men for ein sommartur gjekk det an.

 

Vi tok ein ettermiddagstur til Maundi-krateret - eit lite krater med fin gras-slette i botnen og utsikt over slettelandet nedanfor frå kraterkanten.  Deretter syrgde kokken for tre retters middag med suppe, hovudrett og frukt til dessert.  Vi hadde lesi at 70 % av kaloriane måtte vera karbohydrat.  Kokken hadde nok også høyrt det - vi fekk pasta og ris, med grønnsakstuing og spor av kjøt.  Poteter havna stort sett i grønnsakstuingen.  Men det var ingen ting å utsetja på maten.

 

Natta vart uroleg.  Vi byrja å ta Diamox med tanke på å dempa symptoma på høgdesjuke, og fekk røyna biverknader – stadige toalettbesøk.  Eirik var plaga med vondt i hovudet, men fekk høyra dagen etter at ingen er høgdesjuk på 2700 meter – det måtte vera dehydrering.  Etter dette drakk han mykje, og hadde ikkje ei roleg natt på resten av turen.

 

 

Dag 2:  Mandara - Horombo

Tidleg vekking, oppe med sola - nesten.  Det sto varmt vaskevatn og venta på Inger utanfor døra – det var ho som var mest nøye med hygienen.  Men mascaraen låg att på hotellet.

 

Det vart meir sparsomt med vegetasjon.  Regnskogen måtte gje opp.  Busker og gras kom i staden.  Nokså uvant planteliv for ein nordmann, ikkje minst når vi tenkte på kor høgt vi var - over 3000 m.  Det var fin sti, og fleire stader var det vegarbeid.  Vi fekk fortalt at det var bistandsmidlar som gjekk til stibygging, for at det skulle syna at dei vart bruka til noko.

 

Horombo er den største hytte-”byen”, med 120 sengeplassar for turistar.  Med fullt belegg av førarar og berarar, var det då 500 personar i leiren.  Berarane hadde dårleg innkvartering.  I godver sov mange av dei utandørs.  Ellers hadde dei eit steinhus som dei kunne sova i, tett i tett inntulla i ullteppe.  Kokkar og førarar sov gjerne i kjøkkenet.  Det var fleire kjøkken i leiren.  All koking vart gjort på gamle vedkomfyrar med åpen front.  Ved var mangelvare.  På Horombo måtte dei ein time av garde for å finna ved.

 

I “resepsjonen” fekk vi kjøpt Coca-Cola og pils, alt frakta opp på hovudet.  Ein dollar for cola, to for pils.

 

Om kvelden fekk vi fin utsikt over slettelandet.  Eit torever i horisonten langt nede lyste fint opp.  For fyrste gong kunne vi sjå lyn under oss.

 

 

Dag 3: Akklimatisering på Horombo

Vi hadde bestilt ein ekstra dag på Horombo, og brukte dagen til ein rusletur opp til 4100 meter.  Høgda tok til å merkast - det skulle ikkje stort sprell til før vi vart andpustne.  Men fyrst fekk vi som vanleg ein rikeleg frukost: egg (“How would you like your egg today, sir?”), te eller (pulver)kaffi, rista loff, honning, marmelade, og, ikkje minst, frisk frukt: mango, ananas, papaya, vannmelon, bananer.

 

Dagane i denne høgda (3700 meter) startar med skyfri himmel, men tidleg på føremiddagen kjem skodda, og den ligg meir eller mindre resten av dagen

 

Om kvelden fekk vi eit kraftig torever, med regn som gjekk over til sludd og snø.

 

 

Dag 4:  Horombo - Kibo

Nye 1000 meter stigning til Kibo-hytta.  Det var slakt oppover, og tempoet var som vanleg pole-pole (sakte).  Etter kvart gav buskene opp, og det vart berre tistlar og små grastustar, til det var berre grus og stein på 4300-4500 meter.  Honest fekk ikkje nok utfordringar, så han tok ein ekstratur oppom ein kolle med full pakning og i eit drepande tempo - 200 ekstra høgdemeter.

 

Kibo-hytta er eit steinhus med sovesalar, tolv køyer i kvart rom, og eit hus med kjøkken og rom for “folkene”.  Det finst ikkje vatn eller ved, alt må berast opp nedanfrå.  Berarane hadde vori der oppe med vatn den dagen vi låg fast på Horombo.  Det vart mykje vatn, sidan vi fekk beskjed å drikka 4 liter kvar pr døgn.  Inger fekk merka høgda med vondt i hovudet og oppkast.  Etter ein lett middag (ingen 3-retters her oppe), bar det til køys kl 1930.

 

 

Dag 5:  Kibo - toppen

Purring kl. 23.40.  Det var neppe mange som hadde sovi.  Dei fleste hadde vori ute ein eller fleire gonger.  Rikeleg drikke og Diamox gjorde sitt.  Etter servering av te og kjeks var det på med alt tilgjengeleg vintertøy.  Vi hadde høyrt fæle historier om kor kaldt det var, men vi kom ut til 3 små kuldegrader, nesten ikkje vind og ein strålande stjernehimmel.  Alle lag med ull, fleece og gore-tex vart nesten for mykje av det gode.  Avmarsj kl 00.30 med lommelykter, pannelamper og fjøslykter.  Tempoet var svært pole-pole.  Andre grupper tok oss att og gjekk forbi oss, utan at vi let oss hissa opp av det.  Halvvegs til toppen, i Hans Meyer-hola, tok vi til å merka høgda, nokre vart kvalme og kasta opp, andre fekk i det minste litt vondt i hovudet.  Sjølv Honest merka det, og bomma Paracet av oss.

 

Det gjekk svært sake det siste par hundre høgdemetrane.  Vi passerte utslitne turistar som låg og gapa etter luft i vegkanten - dei hadde traska kjekt forbi oss lenger nede.  Men med talrike pausar var vi oppe kl. 0630.  Det raudna i aust.  Med litt sur vind, og nokre fleire kuldgrader enn då vi starta, var det greit å ha på seg alle lag med ull og fleece.  Erik låg på magen over kraterkanten i 10 minutt, og kom seg opp etter å ha henta krefter i kjellaren.  Vel oppe snubla han, og datt på magen tvers over ei tysk dame som hadde lagt seg på ryggen akkurat der medan ho prøvde å finna noko å pusta i.  Ho tok det lite sportsleg, og drog seg unna med eit surt ansiktsuttykk.  Mannen hennar hadde til alt hell nok med seg sjølv.

 

Sola steig opp over skyhavet langt der nede, med Mawenzie i fin silhuett, og det var ny dag med varme til frosne fjellfolk.

 

Inger og Erik fann ut at Gilmans point var greit.  Henning og Eirik var i rimeleg god stand, og rusla bortover mot Uhuru peak (toppen) saman med Elias.  Henning gjekk uforskamma fort,  medan Eirik måtte pusta rett som det var.  Elias kom til hjelp: “You are hungry”, og etter ein liten sjokoladepause gjekk det rimeleg greit.  Det var nok ein svikt i opplegget at vi ikkje fekk te og kjeks på kraterkanten.  Dersom det hadde fungert, ville kanskje fleire nådd Uhuru peak.

 

Høgaste toppen vart erobra kl. 08.30, saman med nokså mange utlendingar.  Deretter rask retur ned til Kibo, der vi fekk servert suppe kl. 1130.  Og så var det berre å traska ned til Horombo utan pausar og utan snakk om pole-pole.  Før middag fekk vi eit heilt vaskefat med varmt vatn kvar.  Ved middagsbordet vart Erik sitjande attmed den tyske dama han hadde lagt under seg på kraterkanten.  Dei skildest som vener.

 

 

Dag 6  Horombo – Marangu

Vi fekk beskjed om at dette var det siste vi såg til berarane – som vi forresten ikkje hadde sett serleg mykje til under heile turen.  Vi samla saman det utstyret vi hadde tenkt å leggja att, og overlet det til dei som såg ut til å trengja det best.  Honest fekk 85 tablettar Paracet – det skulle halda til 42 turar til toppen.  Elles vart det fjellstøvlar, sokkar, ulltøy og T-trøyer på dei fleste.  Honest syrgde for at førarane fekk rikeleg med tips.  Berarane og kokken måtte nøya seg med det som var til overs etter at han og Elias hadde forsynt seg.  Systemet er nokså usmakeleg, i alle fall for nordmenn.

 

Det gjekk raskt nedover – med ein liten pause på Mandara.  Og så, ved Marangu-porten, venta Athanas med pils.  Vitale data vart notert, vi fekk lunsj (nokså enkel etter den standarden vi var bortskjemt med) på ein lokal kafé, og før vi vart skyssa til hotellet av Willy, som skulle vera sjåfør på safari, fekk vi diplom som dokumentasjon på at vi hadde nådd målet: Gilmans point eller Uhuru peak.

 

Det var OK med dusj og ein tur i bassenget.  Sørafrikansk rødvin til middagen, til 100 kr flaska, grein vi heller ikkje på nasen av.

 

 

 

Adresser

 

Kilimanjaro og safari-arrangør

Kibo Safaries Adventures

att. Athanas Minja

Moshi, Tanzania

Telefon 00255 55 51378 / 00255 55 50367

Fax: 00255 55 50690

 

Hotell før og etter Kilimanjaro:

Marangu Hotell

P.O.Box 1819  Moshi, Tanzania

T: 00255 55 53071

 

Hotell i Nairobi

Fairview hotell. Bishops road.

T:  0025 42 723211

Fax: 0025 42 721320

E-post: fairview@form-net.com

 

Fottur-safari:

Dream Travel Africa Ltd.

E-post: dreamtravel@form-net.com

 

Turarrangør i Zanzibar

Sama Tours.

E-post: fairview@form-net.com

 

Ambassade i Nairobi:

Royal Norwegian Embassy

International House, 1st floor

Mama Ngina St.

Nairobi, Kenya

Telefon 00254 2 337121 / 00254 2 337122 / 00254 2 337124

Faks 00254 2 216009

 

Ambassade i Dar es Salaam:

Royal Norwegian Embassy

Plot 160, Mirambo Street

Dar es Salaam, Tanzania

Telefon 00255 51 113366 / 00255 51 113623

Faks 00255 51 116564